Keep up to date with every new upload!

Join free & follow NRK – Ekko - et aktuelt samfun
Share

I 1975 trekte Spania seg ut av den gamle kolonien Spansk Sahara, på nordvestkysten av Afrika. Dermed marsjerte to av nabolanda, Marokko og Mauritania, inn i landområdet som var rikt på både fisk og fosfat. Mauritania blei sidan pressa ut av den lokale frigjeringsrørsla Polisario, som vil ha sjølvstende for Vest-Sahara. Men Marokko er framleis der, trass i at FN fleire gonger har fordømt okkupasjonen. Mange er drivne på flukt til Algerie, der dei har budd i flyktningleirar i 40 år. Kvifor verkar situasjonen så fastlåst?

Comments